mandag 21. november 2022

12 bilete i Årboka til Hovdebygda soge- og velferdslag

 

Framsida på boka

Nasjonalfuglen fossekallen sat akkurat der eg ville ha han då eg tok dette biletet ved Hovdevatnet seint på hausten. Isen hadde ikkje lagt seg heilt. Dermed fekk eg linjer innover i biletet som gav det lille ekstra.

Fossekallen er ein harding! Heile året stuper den ut i vatnet på leiting etter noko å ete. Sit eg roleg ved elvebreidda, kan eg få oppleve nasjonalfuglen vår berre nokre få meter unna.

Gjerdesmetten, den nest minste av fuglane våre, finn og plassar ved Hovdeelva der den trivst godt. Den gøymar seg ofte i busker og kratt.

På ein solrik og kald vinterdag fann eg dette motivet ved Hovdevatnet. Vakre iskrystallar dekte isen ut over vatnet.

Når det er heilt stille og klarver, kan det gje vakre speilingar rundt Hovdevatnet. Då passar det godt å gjere om biletet til eit panoramabilete.

Denne hengjebjørka nede ved Hovdevatnet har eg teke mange bilete av opp gjennom åra. Den er ekstra vakker om vinteren når sola står lågt på himmelen, eller som her nede i sjølve vatnet.

Nokre motiv har eg teke mange bilete av, så som denne gamle bustaden ved ein av Hovde-gardane. Sjølv om huset lenge har vore fråflytta, vitnar det om ei tid som var.

Om hausten kan Hovdeelva verte ekstra vassrik. Då brukar ikkje vatnet lang tid på ferda ned mot fjorden.

Ein detalj frå eit av dei restaurerte kvernhusa, av renna som er laga inn mot sjølve huset.

Dei restaurerte kvernhusa ved Hovdeelva fortel om ei tid der vatnet i elva vart nytta til produksjon av mjøl.

Dette bilete syner utsikta frå Ytrehovdeåsen inn mot Ørsta sentrum på slutten av året.

På dagar då sola skin, vert naturen rundt Ørstafjorden farga på ein vakker måte.


Fire av sidene frå boka


I årboka for Hovdebygda, ei grend i Ørsta kommune på Sunnmøre, som Hovdebygda soge- og velferdslag gjer ut kvart år, har eg i boka for 2022 ein artikkel over åtte sider under tittelen "Finn mange fotomotiv i Hovdebygda". 

Her er alle dei 12 bileta frå artikkelen med tekstar under slik dei er trykte i boka.

Bakgrunnen for dette er at vi har ein bustad i bygda, etter mine svigerforeldre. I mange år har eg av den grunn teke bilete rundt om i bygda, og da særleg ved Hovdeelva og Hovdevatnet.

Eit par av bileta over viser utdrag frå artikkelen. Eg blei særs glad da boknemda ynskja å nytte eit av mine bilete på framsida av boka.

4 kommentarer:

  1. Flotte bilder - må være et scoop for soge- og velferdslaget dette! Og så på nynorsk da :-)

    SvarSlett
  2. Takk for kommentaren, Terje! Ja, dette var kjekt å få vere med på. Må si eg er imponert over kva dei får til av ei årbok kvart einaste år! Ekstra kjekt blei det da dei og ynskja å nytta eit av mine bilete på framsida!

    SvarSlett
  3. Fantastisk flotte naturfotografier...en nytelse å betrakte.

    SvarSlett
  4. Tusen takk for kommentaren "Chaplin"!

    SvarSlett