mandag 15. juli 2019

Pantanal 5: Tocotoucanen har det mest spesielle og fargerike nebbet











































Ved lodgen Pouso Alegre hadde eierne laget til en foringsplass for fugl,
rikelig utstyrt med ulike frukter. Det trakk til seg flere spennende fuglearter.

En av de mest spesielle, og som vi hadde drømt om å få gode nærbilder av på forhånd,
var den store tocotucanen (Toco Tucan).

Det ble slik vi håpet! De andre åtte deltakerne og jeg som reiseleder,
for denne turen i regi av Stjørdal Foto,
fikk mange bilder av den store tocotucan,
fuglen med det fargerike og merkelige nebbet.

I Wikipedia står det blant annet dette om tukaner (sitat):
TukanarRamphastidae, er ein familie av spettefuglar som lever i den neotropiske regionen og er nærmast relatert til skjeggfuglar. Dei er kjenneteikna av ein fargerik fjørdrakt og svært stort og fargekraftig nebb. Familien består av seks slekter med til saman 40 artar.
Tukanar varierer i storleik frå skifttukan (Pteroglossus inscriptus) med berre 130 g og 29 cm i lengd til tocotukan (Ramphastos toco), med 680 g og 63 cm. Halen er avrunda og varierer i lengde frå ei halv til ei heil kroppslengd. Halsen er kort og tjukk. Vengene er små, slik som det er vanleg for skogsfuglar som flyg korte avstandar. Vengespennet kan vere omtrent som lengda frå nebbspissen til halespissen.
Det fargerike, gigantiske nebbet, som hos somme store artar måler meir enn halve kroppslengda, er kjennemerket på tukanar. Trass storleiken er det veldig lett, det består av ein open beinstruktur med lite masse og store holrom. Nebbet har framvendte sagtenner. Dietten er først og fremst frukt. Det er framleis diskusjonar om kvifor desse fuglane har så store nebb, med så kraftfulle farger. Ettersom dei ikkje har kjønnsdimorfisme i farger er det lite sannsynleg at det er eit kjønnssignal. Eit langt nebb er til hjelp ved at rekkjevidda til å plukke frukt frå ein plass er auka. Ein teori har vore at nebbet kan nyttast til å skremme bort andre fuglar som ønskjer å konkurrere om føda. Dessutan kan eit langt nebb nå djupt ned i hòl i trestammar for å kome til føde der, for eksempel ved å plyndre reira til mindre fugleartar. 
Tukanar har lang tunge, opp til 14-15 cm, ho er smal, grå, og særs frynsa på kvar side, noko som aukar sensitiviteten i smakssansen til fuglen.
Tukanar er først og fremst fruktetarar, men er òg opportunistisk altetande og tar byttedyr som insekt og små øgler. I fangenskap har dei vore observert og rapportert til aktivt å jakte på insekt, tukanar kan leve på insektdiett. Dei kan òg plyndre reir av mindre fuglar og et både egg og ungar. Dette kan truleg gje eit viktig tilskot av protein til kosten. I habitatet er dei dominerande fruktetarar og speler ei svært viktig rolle i økologien ved å spreie frø av frukttre. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar